02 Feb

Cruisevekst medvirkende til nedgang i gjestetallene hos distriktshotellene?

E-mail
Print
PDF

Kraftig nedskjering ved Pers Resort - Pers Resort AS i Gol går over til sesongdrift. Årsaka er nedgang i gjestetalet.


Hotellet planlegg å stengje dørene i ni veker dei komande 12 månadene.


Måndag vart dei tilsette i Pers-konsernet informert om endringane. Hotellet som er ei hjørnesteinsbedrift i Gol skal no drive for fullt ut vintersesongen, før det stenger tre veker i mai. Deretter blir det full drift fram mot jul. Veke 51 og 52 blir hotellet stengt. Dørene opnar att veke 5 i 2012.

Driftsreduksjonen medfører også endringar for dei tilsette.
* 18–19 tilsette skal halde fram i fulle heilårs stillingar. Denne kjernestaben må rekne med å ulik arbeidsbelasting, med ein kombinasjon av auka timetal i dei aktive periodane, og avspasering.
* Mellom 20 og 30 tilsette vil heretter få redusert stilling som inneber at dei berre arbeider i periodar når hotellet held ope.

Tilpassing
Hotelleiinga har ifølgje styreleiar Torbjørn Rustberggard diskutert innstrammingane eit halvt års tid. Bakgrunnen er enkelt og greitt at hotellet må tilpasse driftskostnadene til omsetningstala.

– Me har store utfordringar i bransjen. Distriktshotell som Pers og andre liknande bedrifter slit med store variasjonar mellom midtveketrafikken og helgane. Me opplever også sterkt press på prisane. Difor har me kome fram til denne konklusjonen no, seier han.

Svikt
– Kva er det som skjer?

– Du kan godt kalle det ei omstrukturering. Me har fått ein vesentleg svikt i konferansemarknaden, samanlikna med tidlegare år. Dette har ikkje betra seg etter finanskrisa. No vil firma helst ha dagsseminar, og ikkje meir enn ein times reiseveg. Endå meir alvorleg er endringane i feriemarknaden. Det er svært rimeleg for folk flest å ta fly til Sør-Europa. Det forsterkar konkurransen frå storbyweekendar i utlandet.
Folk reiser også meir og meir på cruise. På toppen av dette kjem konkurransen frå såkalla storhytter, der firma har kjøpt eller leigd seg stader der dei kan ha dei tilsette meir samla.

I tillegg til dette har me ei utfordring i sterkt varierande gjestetal. No har me hatt mellom 250 og 600 gjester i helgane, og mellom 20 og 60 i vekedagane.

– Korleis er økonomien i Pers-konsernet akkurat no?

– Det er store utfordringar. Men det er difor me gjer desse tiltaka.

– Korleis vart resultatet for 2010?

– Det er raude tal, men dei enno ikkje endeleg avstemt.

Eit varsku
Torbjørn Rustberggard kallar ikkje det som skjer eit varsku for Pers-gruppa eller Gol-samfunnet åleine. Han meiner strukturendringane er eit problem for alle dei store hotella i Innlands-Norge.

http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article187417.ece

 

Contact information

Tel: +47 23 00 39 90
Fax: +47 23 00 39 91

c/o Horwath Consulting),
Linstowsgt. 6 0166 Oslo

Oslo Cruise Network BA © 2011
External Links

visitOSLO.comexternal site
OsloHavnexternal site

Site Links

About the website
About us
Get the latest cruise news!
Choose between our Norwegian or English issue.